mandag 26. februar 2018

Premien for alt

Bilete: Bokelskere
Det var ikkje slik det skulle verte. Mykje kunne ho drøymt om, ønskt seg, trudd, men aldri dette. At ho, ei byjente, skulle verte buande på bygda. At ho skulle si ja til han Per, berre av di det ikkje kom nokon andre. At Per skulle døy så tidleg, og at ho skulle verte buande. På garden, i huset, med veven og sonen og luktane og lydane og utsikta ned mot fjorden og øya. At Thomas skulle ende opp ute på øya, han med. Og at ho skulle verte så åleine.

Mali Fredrikke Sjursen er 79 år. Etter eit langt liv er ho vorten sjuk og sengeliggjande. Ho ligg åleine på rommet og treng hjelp til alt. Ho kan ikkje gå sjølv, ikkje kome seg på do, ikkje vaske seg. Men ho er heilt klår i hovudet og ser verda kring seg i mjukt lys og skarpt mørker. Svigerdottera Inga gjer det ho kan, men samstundes held ho avstand til den gamle. Det er mykje dei ikkje er einige om. Til dømes dei gamle teppa, vevane til ho Mali og svigermor hennar, gamle vevar med bilete i nydelege mønster. Mali vil ha dei, Inga hiv dei ut så fort ho kan.

Du gir dei ikkje bort, seier eg. Dei er ikkje dine.
Eg tenkte at du kunne låne dei bort, seier Inga. Som til ei utstilling.
Dei har ikkje noka kunstnarleg interesse, seier eg.
Dei har vakre farger, seier Inga. Så mykje tid som du har brukt på dei, eg skjønner ikkje at du berre vil ha dei liggande og samle støv inne hos deg sjølv? Eg er sikker på at Elvira vil bli stum av begeistring.
Du eig ikkje skam, seier eg. Eg er fullt klar over at du vil bli kvitt dei. Har du gitt meg noko svar på kva som hende med dei teppa som hang i stova, etter at du tapetserte? Nei! Dei er det Ingeborg som har laga, er du klar over det?

Barnebarnet Veronika bur der med. Ho er ung og veit ikkje heilt kva ho vil eller skal. Men ho er snill med bestemor si. Det er naboen Albert med. Han er gammal, og har alltid budd i huset rett ved Mali og Per og dei. No har han fått seg hjelp heime, ho Magda, av di han må reise for å vitje bror sin, Kåre. Det går ein støkk gjennom Mali. Er Kåre sjuk? Han skal døy, seier Albert, og Mali må blunke unna gamle minne. 

(...) Så gjekk det i døra. Eg kasta eit blikk i spegelen, oppover, rett i ulveauga.
Kåre skauv døra halvt igjen, kom nærare, nesten inntil. Han opna munnen, trekte pusten. Så snudde han og gjekk raskt ut igjen.
Blikket hans gløder framleis i meg.
Eg riv opp døra. Kåre, seier eg. Brenn du inne med noko? Kåre snur seg, kjem tilbake til meg. Låser døra bak seg. Legg hendene på brysta mine. Pressar meg mot veggen.

I veggane i heile dette huset, på denne garden, i denne bygda, er alle minna. Over golvet der borte, på badet, i kjøkenet, i hagen. Og no vil ho Inga at Mali skal flytte. Vekk frå rommet og huset og garden og vevane og solskinet i eiketreet og den blenkande fjorden. No vil Inga ha ho inn på sjukeheimen. Men det er berre for ei stund, seier Inga. Tre veker. Mali skal vere på sjukeheimen og verte frisk. Verte rehabilitert. Ho vil verte fulgt opp, få den hjelpa ho treng. Mali veit mest ikkje kva ho skal tru. Ho har aldri ønskt å vere på ein sjukeheim! Ho vil berre vere heime. Der kan ho sitje ute og kjenne vinden mot andletet, angane fra tre og eple og fjord, og vere i eitt med minna. Dei gode og dei dårlige.

Alt ein brenn inne med. Eller skyv frå seg. Skyv frå seg menneska for å sleppe å bli mint om alt som ikkje kan gjerast ugjort. Heilt til det siste. I staden for å lette seg for det som ligg og gneg ein på hjarterøtene, slangar seg som ein lang og vondlynt monolog.

Kan ein flykte frå det vonde, frå einsemd og tristheit, frå sitt eige liv? Eg veit ikkje, eg trur ikkje det. Men boka gjev von og trøyst når alt ein har att er eit liv ein ikkje trudde at ein skulle leve. Ho har nære og realistiske skildringar av korleis det er å verte gammal og ikkje lenger kjenne seg elska. Byrgskap og verdigheit er alt ein har, og sjølv om ein veit at ein er ein byrde, smertar det å høyre sanninga. I desse partia er Holvik heilt suveren, og får fram både kjenslene til Mali og ståstaden hennar Inga - utan å døme nokon av dei. Like framifrå er sidene der Mali får vite at ho sjølv har søkt om plass på sjukeheimen - utan å ha gjort det. Kan ein leve vidare etter eit slikt svik? Kan Mali og Inga sjå kvarandre og snakke saman etterpå? Og vil Mali nokon sinne kome heim att? 

Premien for alt er ein skarp, varm og nydeleg liten roman om tema som aldri vert ferdig snakka. Og Holvik handterar temaa så godt og solid. Ho har også gjeve tittelen mykje klangbotn i verket, slik at lesaren kan velje "sin" premie - eller la det vere ope. Mali vert riven opp frå heimen sin og avhenda til framande på ein ny stad. Det er grusomt, men det er lov å tenkje at ikkje alle endringar til det verre. Sjølv om det ikkje var slik det skulle verte...

2 kommentarer:

  1. Jeg ble så inspirert av nynorsken din, at jeg får lyst til å skrive FRAMIFRÅ omtale, så da gjør jeg det :-)

    Og sjuk, sjuk, sjuuuuk fin grafikk. Samlaget har noen virkelig fine forsider for tiden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så moro! Hyggelig at det smitter:D Nynorsk er jo helt fantastisk når en får dreisen på det!

      Og helt enig der! Jeg liker at forlaget langt på vei har gått vekk ifra smussomslag og heller legger litt ekstra i å trykke forsida på boka. Masse flotte i fjor! Jeg liker godt "Glimesteinar frå islandsk visetradisjon", er så fine farger. Og den her gjør seg også veldig godt, særlig på skjerm.

      Slett