lørdag 7. juni 2014

Kvitebjørnen

Bilete: Bokelskere
Det har allereie gått ei stund sidan eg las ut denne stutte boka, men inntil no har eg ikkje hatt høve til å skrive om ho. Slik er det støtt i desse eksamenstider - alt du vil gjere, må vente, og alt du eigentleg vil vente med, må gjerast. Og helst måtte det gjerast i går, noko det fort vert stress av. Men no er eg endeleg ferdig med båe eksamenar, no har eg tid til å lese og skrive kva eg vil, no har eg tid til å tenkje på noko anna enn barndomsperspektiv og kva som gjer ein ting til kulturarv; no kan eg vere meg att. Og eg byrjar med å skrive om Kvitebjørnen frå 1906 av Rasmus Løland (1861-1907) - ei av pensumbøkene frå i vår, men like fullt ei skjønnlitterær tekst eg kan trekkje fram her.

Den vesle barneromanen Kvitebjørnen er ifølgje mange Lølands beste. Det er ofte dei same som seier at Løland er ein av dei beste barnebokforfattarane som har vorte fostra i dette landet - ein av dei fremste frå barnelitteraturens gullalder (1890-1915). Og nett det kunne eg ha skrive noko om viss eg hadde samanlikningsgrunnlag frå same periode, noko eg ikkje har. Å samanlikne før og no er også vanskeleg, for det er heilt andre stilkrav og innhaldskrav til barnelitteraturen i dag. Om det er ei bra eller dårleg utvikling kan ein støtt krangle om, eg vil ikkje gjere det her og no. Til sist kan eg eigentleg ikkje skrive noko om kva som er Lølands beste bok heller - mest av di eg ikkje har lese noko av han før, men og fordi nett denne utgåva eg har lese, den einaste dei hadde på folkebiblioteket her eg bur, er ein sensurert (!) variant frå 1961. Tru det eller ikkje, men her manglar det opptil fleire kapittel!

Det eg då kan skrive om, er kva boka inneheld og korleis eg tolka ho. Sjølv om det var ein ovstutt, oppkappa utgåve eg las, som var særs stram i forma, var ho samstundes medvite og godt komponert. Det er to brødrepar frå same vestlandstunet som står i sentrum av hendingane, hovudpersonen Pål og vetlebroren Kolbein, og nabogutane Gunnar og Andres. Eg er ikkje heilt sikker på kor gamle dei er, men Pål går på skulen, kan lese og les for dei andre, som ikkje er så røynde lesarar. Av di hendingane er lagt attende meir enn hundre år frå vår tid, då skulen enno ikkje var den same i by og bygd, og med døme på kva gutane faktisk gjer og seier i boka, tenkjer eg at Pål og Gunnar er omkring 10-12 år, medan dei andre er litt yngre. Og det heile tek til den kalde hausta då ho bestemor vert sjuk og døyr.

Det er særs rørande å lese om korleis gutane er med den bleike, sjuke bestemora, kva dei tenkjer om ho, der ho ligg i senga heile dagen, korleis det er å sjå ho for aller siste gong og dinest vere med på førebuingane til likferds. Dei vaksne er annleis, dei har svarte klede og "tala liksom så lågt", gutane veit mest ikkje kva dei skal gjere av seg, det vert fort fullt i halsen. Når likfølgjet drar frå gardane for å fare til kyrkja, som er eit godt stykke unna, dei må tilmed ro, står gutane att oppi lia og berre stirar. Derfrå kan dei sjå følgjet bukte seg nedetter sjøen, dei høyrer den vene salmesongen og ser sola som blenkjer i snøen. Då dei vender seg heim att, er dei kalde av vinden, og svoltne, men dei går seint og stilt. "Det var så mangt dei måtte tenkja på i dag."

Med dette innleier Løland ei tett og varm forteljing om fire smågutar, som han på ein lett og liketil måte skriv fram mest frå deira perspektiv. Det er ungane som er viktige, det er deira røynsler og kjensler han skildrar, det er deira utfordringar som må meistrast. Dei vaksne er berre bak der ein plass, avsendarar av refsande ord og mottakarar av snøballar. Løland lèt røynd og fantasi gli i hop, han lar gutane sulle med treige misjonsblad (som dei gjennomskodar rimeleg raskt) og spanande eventyr, har lèt dei fundere over religiøse spørsmål og lokkast mot Svartetjørna, dei byggjer ein diger snøbjørn som dei kan vere inni alle saman, bryt isen oppi elva og finn på kva det måtte vere. Og når boka er slutt, vert det vår. Det er herlege barne- og barndomsskildringar som kan gjere eitkvart vakse menneske nostalgisk og full av lengt til denne frie, opne og magiske tida, då alt kunne hende.

Men er dette noko for ungar i dag, vil kanskje mange spørje om. Når ei bok opnar sterkt med at eit menneske døyr, vil ho med eitt verte litt skummel eller trugande i særs mange foreldreauge - vi ynskjer å verne ungane våre mot alt vondt, også sorg. Men boka er ikkje vond. Løland syner ungane at lengt og lått går i eitt, at det er greitt å sakne, vere trist, at livet, som alt anna, har ei ende. Samhaldet gutane i mellom vert berre sterkare av ei slik felles sorgoppleving, og dei nyttar eventyrverda og naturen som abstrakt og konkret plass for å takle kva som har hendt. Og dei får tilmed høve til å verne bestemoras minne.

Skildringane i boka er særs realistiske og lågmælte - så er også Løland eit døme på ei av si tids store heimstaddiktarar. Det er mykje kjensler i teksta, men dei er ikkje dominerande eller skildra i detalj. Mykje er halde attende slik at lesarane kan leve seg inn i kva som hender. Det same gjelder spenninga, som ikkje er av det ytre slaget. For ein vaksen lesar som likar både språk, stil og rytme, var dette ei fin bok å lese på ein stille maikveld. Yngre lesarar må nok jobbe litt meir med å kome inn i teksta, for her vert verken spenning, intriger eller humor kasta på deg. Men viss dei kjem seg gjennom første kapittel, viss dei lèt seg gripe - då er det berre å halde fram. Ei skildring frå "gamledagar" er kanskje nett det ein treng for å setje i gong fantasi og leik, med ord, fiksjon, eventyrelement og med kvarandre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar