tirsdag 13. mars 2012

Norsk historie 1300 - 1625

Endå ei historiebok er lese, denne gongen Norsk historie 1300 - 1625 med undertittel "Eit rike tek form". Ho er skrive av dei to historikarane Geir Atle Ersland og Hilde Sandvik, og gjeve ut på Samlaget i 1999 som ein del av deira serie om norsk historie. Innhaldet er, som alltid, spanande og interessant, epoken er samansatt og variert, det hender mykje på 325 år! Mitt fyrste ynskje er at forfattarane skulle skrive meir, meir om alt. Eg synest 250 sider er litt lite. Det kan vere vanskeleg å velje ut kva som skal vere med og ikkje, og mykje, av stor tyding, får ikkje plass. Eg saknar kort sagt ein fyldigare einskap.

Av di eg nett har lese fleire framifrå historiebøker, legg eg kanskje lista litt høgt. Denne boka er den fyrste som er skreve av to forfattarar, og det ber ho preg av. Eg tvilar ikkje på at dei har arbeidd saman, og dei har forsøkt å tråkle det heile i hop. Men for meg misser boka mykje med å vere oppdelt og skrive av to menneske som tenkjer og skriv med ulik rytme. Det ser ikkje ut som om forfattarane har vore sams om kva dei skal fokusere på, kva lange liner dei skal følgje, kva detaljar dei skal kome attende til. Boka sprikjer mykje, men det gjer tida òg, kan ein seie til deira forsvar. Men samlinga av og fordelinga av kunnskapen, som eg meiner er hovudoppgåva til forfattarane av ei lærebok i historie, er diverre ikkje bra nok.

Denne boka er heller ikkje så lettlese som dei andre. Ho er prega av lange, ofte tunge setningar, liten variasjon i språket og ein del unødige oppattakingar. Til dømes dei mange sidene om at folk i nord (og langs kysten, vil eg leggje til) både dyrkar jorda, held husdyr og er fiskarar, samstundes som dei er avhengige av importert korn. Dette treng forfattarane ikkje skrive meir enn ein gong, men det gjer dei. Det er heller ikkje akkurat ei overrasking at dagleglivet til dei fleste menneske var samansatt av fleire typar primærnæringar. Kvifor er nett dette vekta i boka med så mange sider? Fleire kapittel rommar fleire tema, som t.d. kapittel 4 og 9. Nokre stader vert det uryddig (som i kapittel 9). Viss forfattarar eller forlag hadde delt opp meir, i kapittel, delkapittel eller avsnitt, hadde det vore litt lettare å rydde i kunnskapen sjølve. Kapittel 2, om pestane og konsekvensane av dei, var særs spanande og godt skrive.

Viss eg skal vere litt stygg: boka er detaljorientert om det mange veit (t.d. sidene om jordbruk og fiske) og meir overfladisk om det det er viktig å lære seg ordentleg (t.d. om kvifor det vart union). Eg skulle ynskje at forfattarane hadde hatt meir fokus på mellom anna dronning Margrete og hennar politiske talent, samt gjeringane til fleire av dei andre regentane. Kva dei gjer og korleis dei gjer det meiner eg er viktig for oss i ettertida. Korleis kan vi forstå kva som hender med folk og land viss me ikkje har innsikt i kva regentane gjer?

Til sist vil eg nemne at mi utgåve av boka ikkje var heilt prima av årsaker som ikkje gjeld forfattarane: fleire stadar var trykken så dårleg at eg måtte gisse kva det eigentleg skulle stå over fleire liner. Då vert samanhengen og innhaldet sjølvklart ikkje så godt og klårt som det kunne vore.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar