onsdag 8. mai 2013

Folkelesnad

Etter mange dagar på bygda, med fleire kjende forfattarar og ein aldri så liten litteraturfestival, er eg endeleg heime. Det er utruleg herleg å vere ferdig med to eksamenar, rive i sund røde lappar, setje pensumbøkene i hylla og sove i mi eiga seng! No har eg nokre dagar med lesing og arbeid før eg atter må ut på bygda og avleggje dei siste. Men før eg byrjar med krig og union att, vil eg skrive litt om essaysamlinga Folkelesnad av Agnes Ravatn, som eg las i påska.

Den morosame dama frå Ølen er fødd i 1983, og er kjend for mange gjennom Noregs beste avis, Dag og Tid, kvar ho er tilsett som journalist. Der har eg lese fleire av essaya hennar tidlegare. Fyrst ut i bokform var Stillstand frå 2009, som du kan lese meir om her. Der oppsøkjer Ravatn stader der det ikkje hender noko som helst, og rapporterer ivrig om dei små tinga som råkar ho. Prosjektet då vart kalla "sivilisasjonskritikk på lågt nivå", ein tittel ho på mange måter kan ta med seg vidare inn i Folkelesnad, som kom i 2011.

Prosjektet hennar er særs enkelt. I Folkelesnad har Ravatn teke på seg å lese samtlege populære blad frå Narvesen. Ho les verkeleg alt, frå pornoblad og friluftsblad til babyblad og matblad. Ho svingjer også innom blant anna treningsblad, pengeblad og dei alternative blada. I boka er det samla 14 essays, og kvart essay omhandlar ein kategori med blad. Ravatn har valt ut tre-fem av dei mest kjende blada, sett dei opp mot kvarandre og korrigerer med eige perspektiv. Samtlege får kraftige skot for baugen, og ein kan sitje att med ein av to hovudkonklusjonar: viss du ikkje les blad og er samd med Ravatn, tenkjer du at det verkeleg er mykje dårlege blad i Noreg. Og så ler du godt, og leggjer boka frå deg. Viss du les Allers og slikt kvar veke, tenkjer du kanskje at Ravatn er den mest surmaga personen som finst, som ikkje maktar å sjå noko godt i nokre blad.

Og det er mykje rett i båe konklusjonar. Men dei misser det viktigaste: nemleg at dette er kritikk. Han er humoristisk formulert, men inneheld likevel mange gode observasjonar og viktige poeng, som bør gje alle lesarar noko å tenkje på. Ravatn tek tak i noko så enkelt og kvardagsleg som blad, vrir dei mot oss, og spør mellom linene (og nokre gongar rett ut): kvifor les vi slike blad? Kva er det som appellerer til oss, og kvifor? Kan me ikkje sjå at alle interiørblada speglar ei heimeverd som ikkje kan kombinerast med små barn og foreldre i fullt arbeid? Kvifor arbeidar me som galne for å få det slik då? Og kva med kvinneblada - det biletet dei skapar av kva ei moderne kvinne skal vere og gjere, det veit me vel ikkje er mogleg? Vil me verkeleg vere ein del av eit samfunn der ein heile tida skal jage etter noko anna, betre, større, finare, nyare, dyrare, i staden for å vere nøgde?

Mange vil nok det. Og mange trengjer nok blada, der dei byggjer opp kring livslygna. Blada er underhaldning og tidtrøyte, ei flukt, ei pause. Men ein må ikkje gløyme at dei samstundes støtter alt som er urealistisk og overfladisk. Dei kan få deg til å kjøpe nye produkt, klede, møbel eller fleire blad, eller verkeleg få deg til å kjenne at du trengjer te og aromamassasje og duftlys, sjølv om du nett har drukke te, sitjer i ein massasjestol og har tent duftlysa du kjøpte forrige veke. Blada kjem ikkje med nye tankar eller perspektiv, men køyrer i hundreogtjue på sitt eige med ein ekstrem intensitet: trening, slanking, sunt kosthald, pledd, dukar og serviettar, sesongens kaker, strikkaplagg, babyklede, sex, våpen og kjendisar. Og det er greitt, om ein les med ei klype salt. Eller med vidd og avstand, som Ravatn.

Ravatn skriv godt og lett, finn morosame detaljar der andre berre kan sjå tekst eller bilete, karakteriserer blada effektivt og råkande, kjem tilmed med forslag til kva dei kan gjere for å bli betre. Ho er personleg og profesjonell, konkret og kul. Som lesar kan ein ikkje unngå å sjå at ho les med eit glimt i auget, og at ho slett ikkje er surmaga. Med mindre ein sjølv er utruleg surmaga, då. Men då synest ein kanskje at det berre er møkkablad i Noreg uansett, bortsett frå nett dei ein sjølv les.

Folkelesnad er eit prosjekt der kvar tekst er danna over same lest. Det kan gje ei kjensle av oppatt-taking, men Ravatn ryskjer deg raskt vekk frå kva du enn trur. Konklusjonane er ofte dei same, men det er særs underhaldande å vere med på vegen. Eg lo så eg grein fleire gongar, særleg av essayet om pornoblad, som eg sikkert las fire gongar på rad og har delt med heile familien. Eg har aldri lese eit pornoblad sjølv, så eg trur jo på alt Ravatn kjem med, og det er kanskje eitt premiss for å kose seg maksimalt med essaya hennar. Og her gjorde eg det, sjølv om konklusjonen hennar er "Pressestøtte til pornoblada". Kvifor ho skriv nett det, kan du lese sjølv, men eg oppmodar deg til å ta med boka heim frå biblioteket. Det er lett å verte hekta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar