tirsdag 20. mars 2012

Kjærleik og livskamp

Det er ikkje ofte eg les ei bok som er god samstundes som ho er vond, som er lett samstundes som ho er vanskeleg, som er full av kjensler og luft og sjel og alt det som gjer eit menneske til eit menneske og ei verkeleg god bok til ei verkeleg god bok, heilt utan klisjear eller flosklar. Det ikkje ofte eg les om heilt unike menneske som Mattis, betre kjent som Tusten der han kjem ifrå. Og diverre er det ikkje ofte eg les noko av Tarjei Vesaas (1897 - 1970) heller. Men det må eg nok endre på, frå no.

Mattis er ikkje skarp. Men det tyder ikkje at han ikkje kan tenkje. For å tenkje, det gjer Mattis heile tida. Han tenkjer så arbeidet vert vanskeleg å gjere, han tenkjer så han mest ikkje klarar å prate, han tenkjer på det ingen andre kan prate om. Og han maktar å setje ord på det. Men systera Hege, som bur i lag med Mattis, vil ikkje prate. Ho strikkar og lagar mat, og seier at dei kan ta det ein annan gong, seier at Mattis ikkje skal prate om det, seier at han skal leggje seg. Då er det ikkje så greitt å vere Mattis. Kvifor skal det vere feil å snakke om ting som hender? Kvifor skal han ikkje seie at han tenkjer? Sjølv om Mattis ikkje er skarp, meinar eg at han på sin eigen måte er klok. For han kan sjå menneske, og fuglar, nett slik dei er.

Det einaste Mattis kan gjere medan han tenkjer, er å ro. Medan han ror, er alt greitt. Tankane lagar ikkje problem. Han kan ro att og fram, beint og fort. Han kan sjå stranda si, og veit at bustaden til han og Hege er nett oppom. Han er trygg. Andre menneske kan ikkje gjere narr av han i båten, dei kan ikkje kalle han Tusten eller seie stygge ting. I båten er det berre Mattis og tankane. Ein dag går det nesten gale, og Mattis må ro i land på ein holme. Han ventar på at nokon skal kome, og plutseleg er det to jenter der, to framande jenter. Dei veit ikkje kven han er. Og Mattis vert fri, i alle fall for resten av dagen. Han pratar med dei. Han ror dei i land. Og han er stolt! Det er når han byrjer som ferjemann at problema kjem. Fyrst Jørgen. Dinest Hege. Og i Mattis sjølv. Finst det ei løysing?
Ja, Mattis finn ei løysing. Men ho er ikkje god.

Vesaas skriv så lunt og varmt, er full av omsorg og tid, her vert aldri skummelt eller spanande på ein heseblesande og jagande måte. Spenninga er der likevel, i det poetiske og gode språket, i tankane til Mattis, i naturen, som Mattis kan sjå og høyre og kommunisere med. Romanen er symbolsk, full at teikn og frampek, og endå meir enn fuglane er båten eit berande element. Men viktigast er Mattis. Med han syner Vesaas at det å ikkje vere skarp ikkje tyder at ein er mindre menneske. Kanskje er det faktisk omvend?

For meg er hovudtemaet kjærleik. Kjærleik mellom Mattis og Hege, mellom Mattis og naturen. Mattis er ikkje redd for å seie eller gjere, det er noko inni han som styrer, ein kan kalle det kjensler, eit moralsk kompass, intuisjon - det spelar ikkje eigentlig nokon rolle. Han er ikkje redd. Men ho er. Hege er redd, sliten, trøytt. Ho arbeider for to, har aldri pause. Ho orkar ikkje så mykje av pratet til Mattis, ho skyv han vekk. Samstundes syner ho kjærleik og omsorg i kva ho gjer. Men Mattis trengjer orda med. For han slest kvar dag, med seg sjølve, fysisk og psykisk, med den store og trugande verda. Han trengjer at ho er der. Men så kjem Jørgen. Og Hege er ikkje der meir, ikkje som før.

Mattis lengtar. Etter nokon å prate med, etter menneske, etter ei jente. Ei han kan vere i lag med. Men det vert klårare og klårare at han er åleine. Og den redsla, for å verte heilt åleine, er meir enn kva Mattis kan bere. Einsemda vert meir trugande enn heile verda og alle menneska. Einsemda, stilla, å ikkje kunne elske. Tanken vert uuthaldeleg.

Romanen er uttenkt og velskriven og full av tid. Han hengjer i hop, frå det enklaste til det mest kompliserte, frå kjensler og tankar til handlingar og replikkar. Han er eit eige univers, eit nært, sårt, sannsynleg og andande univers. Og utan at eg har lese meir av forfattaren, trur eg så gjerne det dei hjå Gyldendal skriv bakpå boka: at Fuglane frå 1957 er meisterverket til Tarjei Vesaas. Godt og vondt på same tid. Så lett, og så vanskeleg.

4 kommentarer:

  1. For et flott innlegg. Denne har jeg hatt i bokhyllen min i uminnelige tider etter at jeg fikk den i en klassikerserie, men jeg har aldri vært fristet til å lese den. Det ble jeg nå.

    God påske!

    SvarSlett
  2. Tusen takk! Og så hyggelig at du fikk lyst til å lese boka. Den er verdt det! Men det er kanskje ikke akkurat påskelesning;)

    God påske til deg også!

    SvarSlett
  3. Godt å høyre at Vesaas' Mattis kling så tonande i deg. Eit mesterverk i norsk litteratur og ein bit av nasjonal identitet, denne kjenslevare mannen med høg etisk forstand, og så trist, trist utgang. Trudelutt

    SvarSlett
  4. Ja, det er forferdelig trist. Sårt og feil og skikkelig urettferdig og kanskje til og med pittelitt unødvendig av Vesaas. Men boka er jo tvers igjennom solid og god også, så balansegangen er fantastisk.

    SvarSlett